Lister er alltid artig å lage, og sjølv om året ikkje heilt er omme trur eg at eg allereie kan kåre nokre vinnarar. Eg er diverre ikkje så overmåte interessert i nyutgjevne bøker, så dette vert ikkje ei liste med slike bøker, men ei liste over bøker som er nye for meg.

Dei første bøkene eg vil dra frem er Steinbecks Øst for Eden og Nygårdshaugs Mengele Zoo. Begge desse bøkene er tankevekkjarar som gjev lesaren ein del utfordringar og ting å spekulere over. Carl Frode Tillers Innsirkling 2 var også ein godbit, og langt betre enn den første. Eg ventar i spenning på neste.

Brandon Sanderson sine to første bøker i Mistborn trilogien (The Final Empire og The Well of Ascension), likte eg svært godt (den siste var mykje svakare). Dette er episk fantasy som fungerer!

Anubis trilogien (Lushons plater, Anubis og Evercity) til Bjørn Andreas Bull-Hansen må også nemnast. Den er mørk og dyster, med lite håp, men med ein fantastisk hovudkarakter som ein raskt vert glad i. Språket er fantastisk, dialogen mellom karakterane er full av engelsk slang og banneord, og derfor ganske degenerert og simpelt, noko som er med på å forsterke dystopien. Om eg må kåre ein vinnar i år vert det truleg denne.

Eg må heller ikkje gløyme Sarah Kanes samlede verker, med særleg vekt på Phaedra's love og Cleansed. Kane skriver fantastisk, tekstene er på overflaten vulgære, grove og grusame, men under dette ligger det så mykje sorg og lengt, at det verkeleg river i sjela. Ein vert også melankolsk og får lyst å trøysteete pepperkaker.

Eg er svak for grafiske romanseriar og Fables (Bill Willingham) har lenge vore ein av favorittane. Diverre har denne serien lenge vore på veg nedover, så eg vart gledeleg overraska då eg kom til vol. 18 Cubs in Toyland. Ei meir rørande forteljing skal ein leite lenge etter.

Men når ein tenkjer på alle godbitane ein har fått med seg gjennom 2012, kjem ein også i hug alle dei store skuffelsane. For meg vart Johan Harstads Hässelby den verste leseopplevinga dette året, og ein stor nedtur etter ein av fjordårets vinnarar Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? Andre bøker eg var passe missnøgd med var Coelhos Valkyriene (eg må berre snart innsjå at Coehlo ikkje kan vere stimulerande for andre enn new age fanatikarar og husmødre med for mykje leduggang, som også er litt for opphengt i åndeverdenen), og Bertolt Brechts Mother Courage and Her Children (denne var ikkje dårleg, men eg forventa at den skulle verte ein favoritt, og vart vonbroten då den ikkje nådde heilt opp).

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Kan ikke dy meg;): Når husmødre og lediggang møtes er de som totalt fremmede for hverandre. Studenter derimot! Å som jeg angrer på alt jeg ikke gjorde de åra jeg dyrka egoet og hadde så jævlig god tid! Så når noen husmødre liker Choelo tror jeg det er for å fly avgårde med en lettvekter i hverdagens ståk og mas.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

KristineAnette SAnette Christin MjøsKirsten LundVigdis VoldTanteMamieNorahDemeterVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandPiippokattaInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaTine SundalPirelliEivind  VaksvikHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal HartvedtHarald KElinBeHanneritaolineVanja SolemdalOdd HebækHallgrim Barlaup