MARIAN DET BLEIKE BARNET

Marian det bleike barnet, ynkeleg kledd og stygg.
Marian har hørt dei sagt det,
og luter sin magre rygg.

Stilt går ho bort frå dei andre,
einsam, såra og sky,
framom framande, stengde dører,
der ingen let opp og gjev ly.

Ho veit ho har raude hender,
av arbeid i regn og frost,
og huda er grov av gusta
av vanrøkt fattigmannskost.

Dei tunglyndte, stille augo
si tagale sorg fortel.
men lengtande djupt der inne
ligg løynd i Marian si sjel.

Skjelvande sår og audmjuk,
ein drøymande nattfiol,
som andar i doggstill skymring.
og bivrar i morgonsol.

Tekst Jakob Sande, Melodi Geir Tveit.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågTherese HolmBerit B LieG LHarald KTone NorenbergHanneKirsten LundDinaingar hHilde Merete GjessingPiippokattaEllen E. MartolSynnøve H HoelTorill RevheimBeathe SolbergTarjeiMartinePirelliIngvild SJulie StensethHilde VrangsagenAnniken LBeate KristinLars MæhlumHilde H HelsethTanteMamieLilleviAlice NordliMads Leonard HolvikDemeterOda Marie HLena512NorahMartine GulbrandsenSteinar HansenIreneleserBente NogvaMonica  SkybakmoenKristine