Og gjenta ho kjøpte seg spennor og stas,
og ringar med perlor av farga glas.
- Men ikkje vart gjenta gift.
So greidde ho håret med kost og med kamb,
til dess det vart krulla som ull på eit lamb.
- Men ikkje vart gjenta gift -
So tok ho ein sviptur til næraste by,
og sytte seg skjørt utav kjøpety.
- Men ikkje vart gjenta gift. -
Og gjenta stal pungen frå husbonden sin,
og kosta seg halsklut av røysekattskinn.
- Men ikkje vart gjenta gift. -
Då vart ho so arg at ho fræste som krut,
og flakte so av seg kvar einaste klut,
- men då vart gjenta gift......
- Jakob Sande