Hei!
Eg tenkjer å starte eit prosjekt som kjem til å gå over eit særs langt tidsrom. I løpet av dei neste fire til åtte åra skal eg gå gjennom dei viktigaste verka i verdslitteraturen, alt frå lyrikk til filosofi. Det beste er kanskje å ta det epokevis og i kronologisk rekkefølge. For å ha nokre retningslinjer å forholde meg til, vil eg la ein epoke gå over eitt år, med eit mål å lese minst ti bøker i kvar av dei. 2013 blir derfor året for dei eldgamle – 500 e.Kr. og bakover. Mitt spørsmål til dykk er såleis: Kva er dei ti viktigaste og mest velskrivne verka verdslitteraturen hadde å by på for femtenhundre år sidan?
Hovudlista så langt:
Desse fem er sjølvskrivne vil eg tru. Kva eg skal fylla dei andre plassane med er meir usikkert. Det er så mange. Me har jo til dømes Gilgamesj, ikkje-kanoniske bibelske skrifter, verka til Aristoteles og Platon, dei greske dramatikarane, Æsop, romarane og ikkje minst den austlege litteraturen.
Viser 4 svar.
Ryddet litt i min bokhylle for noen dager siden. Der fant jeg en bok av Tore Zetterholm Levende litteratur. Det er en bok som tar for seg de største litterære verk gjennom alle tider med en kort omtale av de sentrale verkene. Boka er fra 1986 og jeg vet ikke hvor lett det er å få tak i den, men jeg tror det er en del å finne i denne boka om "det store prosjektet".
Ta med Lotussutraen og Bhagavadgita. For øvrig meget interessant prosjekt. Jeg vil tro du vil finne dette nettstedet interessant - en amerikansk lektor som holder på med lignende prosjekt:
Dette kan bli spennende og jeg ønsker å bli med. Du har valgt ut noen verker, men det er mye mere. Gilgamesj er sentralt, kanskje verdens eldste litterære verk.
Sitter med verket Verdens litteraturhistorie i 12 bind. Bind 1 er perioden inntil år 500. Her står det mye om indisk, iransk, kinesisk litteratur. Ønsker du å ha med alt dette, eller konsentrere deg om Europa og vesten?
Det ser ut for at det kan bli mange travle år fremover, godt pensjonisttilværelsen ikke er så langt unna.
Kjekt at du vurderer noko liknande. Gilgamesj er nok svært sentralt ja! Angåande litteratur utanfor den vestlege kanon, tenkte eg i utgangspunktet å lese dei ti mest sentrale verka i verdslitteraturen frå dei ulike epokane, så om noko av indisk, iransk eller kinesisk litteratur inngår her, tar eg dei med. Tao Te Ching og Sun Tzu er kanskje aktuelle kandidatar. Bhagavadgita har eg lest allereie, så den blir ikkje med for min del.