Kunst, god kunst, trur eg kan nå menneske på so mange ulike måtar - både ved å skapa ettertanke og refleksjon, og setja i gang kjensler me ikkje alltid kan forklara.
Eg veit ikkje om eg misunner eller synes synd på dei av dykk som seier de ikkje gret so ofte når de les - eg gret mykje når eg les, og det kan jo verta travelt i lengda... Men eg kan gråta av so mangt, nokre gonger er det berre fordi eg ser at eg nærmar meg siste side, og eg vil ha meir! Men oftast er det jo fordi forfattaren treff akkurat dei rette knappane i meg, og let meg villig vippa av pinnen. Lesing er for meg både verklegheitsflukt og eit møte med verkelegheiten, og sorg - eller gledestårer for den del - er jo ein del av verkelegheiten vår.
Eg er faktisk ikkje sikker på når eg gret sist eg les ei bok. Jo, eg trur det var når eg les om att David Nicholls si One Day for eit par veker sidan (ja, eg er faktisk so lett å lura). Eller kanskje medan eg dreiv på med Halldis Moren Vesaas sine minne om livet med Tarjei - eg har ikkje komme langt, men kjærleiken mellom desse to einstøingane treff lettrørte meg rett i hjarta. Det fyrste eg gret av? Nei, sei det. Eg kan tenkja meg at det var historia om Brødrene Løvehjarte, som fleire har peikt på her, eller det kan ha vore høgtlesing av Bambi eller Mio, min Mio. Den fyrste gongen eg kan hugsa at eg gret medan eg les, var i 5. klasse, då eg les ein roman eg innbiller meg heitte Taus kjærligeht. Den handla om eit jødisk par, der han vart sendt til Auswitz med M/S Donau, og ho rømte til Sverige. Eg låg og hulka heile natti, mamma måtte komma inn til meg klokka fem og halda rundt meg til eg roa meg. Kanskje ikkje heilt sunt for ein tiåring, men slik lærte eg om at historien påverkar oss enno.