Eg sleng meg på dei fleste andre kommentarane her og seier at dette er skjønnlitteratur. I skjønnlitteratur er det fullt lov å vri på historiske fakta for å gjere ei historie meir interessant og for å få det til å passe inn i plottet for øvrig. Det at Dan Brown har feil i forordet, burde jo ha tipsa deg om at han kanskje ikkje har gjort den grundigaste researcha i forkant av boka. Om eg hugsar rett, skreiv han denne og "Engler og Demoner" etter å ha lese ei anna bok, "Hellig Blod, Hellig Gral", og kanskje den igjen hadde visse faktafeil?

Eg trur det er svært få som les og har lest "Da Vinci-koden" som ei slags fagbok i kristendomens historie. Dei fleste skjønner nok at dette berre er underhaldning, nesten kiosklitteratur. Det er spenning, krydra med kontroversielle emne - som kanskje var grunnen til den store suksessen boka fekk.

Om ein klarar å sjå bort frå faktafeil og til tider dårleg språk, er boka veldig spannande, i alle fall etter mi meining. Eg kan skjønne at det irriterar deg, då, sidan du tydelegvis veit veldig mykje om dette emnet. :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

IngeborgTor-Arne JensenMats L.Kirsten LundAkima MontgomeryPiippokattaKaren RamsvikStine SevilhaugKaramasov11Heidi LVanja SolemdalMarius Park PedersenBeathe SolbergReidun SvensliJulie StensethBente NogvaTine SundalMarit HøvdeV. HulbackGunillaHilde H HelsethAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEivind  VaksvikRonnyLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LToveOdd HebækRune U. FurbergReadninggirl30Beate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad Wøien