Eg kjem nok til å lesa mange studentoppgåver om morfologi, men når eg ikkje les det skal eg kosa meg med One Day av David Nicholls (andre gongs gjennomlesing, to år sidan sist, og like søt enno), og ha The Name of the Wind av Patrick Rothfuss på øyra til husarbeid, turgåing og busskøyring. Eg håpar òg på eit par rolege pausar der eg kan krulla meg saman i ein solstråle med Halldis Moren Vesaas si memoarbok om livet med Tarjei, I Midtbøs bakkar. Og dessutan vann eg gåvekort på engelske bøker på kviss for eit par veker sidan, og oppdaga at det må løysast inn i dag - hurra!