Eg har høyrt mykje lydbøker dei siste par åri, trass i at eg tidlegare syntes det var vanskeleg å konsentrera seg om det - det einaste unntaket var høyrespel, særleg Radioteateret sine (og min evige favoritt er og blir nok De tre musketerer - sjølv om eg ikkje tør høyra det omatt for å sjå om eg synes det same no). Me dei siste par åri har eg altså høyrt mykje - det er noko eige med å få nokon til å lesa ei historie, det vert ei heilt anna oppleving enn når ein les det sjølv. Ikkje beter, ikkje verre, berre anleis. Dessutan er lydbok so praktisk!

Eg høyrer altså lydbok på bussen, i bilen, når eg går, når eg gjer husarbeid og gardsarbeid (alle som har jobba som bærplukkar kan skjønna at tidi går fortare med litt selskap). Nett no høyrer eg The Name of the Wind av Patrick Rothfuss, som eg byrja på under løkhaustinga heima hjå mamma og pappa. Eg synes ærleg tala at fantasy er det som gjer seg best på lydbok - og at det gjerne gjer seg betre på lydbok enn på papir (men det er smak og behag, har eg skjønt). The Name of the Wind er iallefall fantastisk, særleg sidan handlinga er at hovudpersonen fortel om livet sitt til tilhøyrarar - og med lydbok vert eg ein av desse tilhøyrarane!

Eg brukar å kjøpa bøkene mine på Audible, og er nøgd med det, men lurer på om andre har forslag til stader ein kan få tak i? Gjerne gratis og/eller billeg, men òg andre. Klassikarar finn ein jo ofte (t.d. på Ordflyt-appen, som òg har norske eller Audiobooks-appen), men kva med nyare, norsk osb...?
(Og apropos Ordflyt - nokon som har erfaring med det? Nokon som har fått det til å virka om ein vil kjøpa bøker, ikkje berre gå i gratishylla?)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Eg har kjøpt bøker på Ordflyt, det funkar fint. Ordflyt-app'en er kjekk, det er praktisk å høyre lydbok på mobilen.

Sjølve bokkjøpet må gjerast via Ordflyt-programmet på PC/Mac'en. Boka du kjøper dukkar deretter opp i app'en, lastast ned medan mobilen er tilkobla eit trådlaust nettverk, slik at du då kan lytta i fråkobla modus. Alle gratisbøkene på Ordflyt får du òg tilgang til.

Alt er enkelt forklart på spørsmål og svar-sida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ok, då må eg leita opp Ordflyt på nettet og, til no har eg berre sett på appen. Takk for svar! Eg har enno til gode å høyra mykje lydbøker på norsk, men har lyst å gje det ein sjanse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fins de 3 musketerer som hørespill?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det gjekk iallfall på radioen (og eg lånte det på kassett) for ein 15 år sidan eller deromkring.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er linken : Den finnes som lydbok

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Torill RevheimIna Elisabeth Bøgh VigreReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagToveThomas KihlmanDolly DuckIrakkLilleviPiippokattaLabbelineTherese HolmHarald KKirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikalpakkaRisRosOgKlagingTheaEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan Finnson