Eg ser du er heimehøyrande i Sogn og Fjordane, - har du prøvd Bokbyen i Fjærland? Der har dei "4 kilometer bøker til sals", så det skulle vera muleg å finna sakna bøker der. For moro skuld søkte eg på dei bøkene du er ute etter i nettbutikken til Bokbyen, utan å lukkast. Men langt frå alle bøkene er registrerte der, så eg rår deg til å ta direkte kontakt.
Viser 2 svar.
Takk for tips! Det er nesten flaut å innrømme det, men eg har aldri vore i bokbyen... Og ja, eg høyrer heime i Sogn og Fjordane. Skal sende dei ein epost og sjekke!
Bokbyen er vel verd eit besøk! Det er stemningsfullt og morosamt å vandra mellom alle dei utallige bokhyllene.