Etter stor suksess med å få tak i boka "Overtalelse" med hjelp frå bokelskar Iselin, prøver eg igjen. Eg har eit ynskje om å skaffe meg "Mansfield Park" og "Northanger abbey" av Jane Austen, i norsk utgåve. Er det nokon som kan hjelpe med det? Selge meg ei utgåve, eventuelt nokon som har tips til kvar eg kan skaffe dei?
Viser 8 svar.
Eg har Mansfield Park i bokhylla, både på norsk og engelsk. Du kan få den norske versjonen:)
Eg fant ei utgåve av Mansfield Park i eit antikvariat, etter tips frå Kirsten Lund, og bestilte den. Men tusen takk for tilbodet, eg set stor pris på det!
Søkte på Mansfield Park av Jane Austen og fant 1 bok som var oversatt på antikvariat.net. Denne linken hos antikvariat.net finner du bøker av Jane Austen. Her er noen svenske, danske og norske antikvariater samlet.
Takk, takk! Den er bestilt :)
Flott! Er glad jeg kan være til hjelp.
Eg ser du er heimehøyrande i Sogn og Fjordane, - har du prøvd Bokbyen i Fjærland? Der har dei "4 kilometer bøker til sals", så det skulle vera muleg å finna sakna bøker der. For moro skuld søkte eg på dei bøkene du er ute etter i nettbutikken til Bokbyen, utan å lukkast. Men langt frå alle bøkene er registrerte der, så eg rår deg til å ta direkte kontakt.
Takk for tips! Det er nesten flaut å innrømme det, men eg har aldri vore i bokbyen... Og ja, eg høyrer heime i Sogn og Fjordane. Skal sende dei ein epost og sjekke!
Bokbyen er vel verd eit besøk! Det er stemningsfullt og morosamt å vandra mellom alle dei utallige bokhyllene.