GJERA KVARANDRE RIKE
Du fortel meg om hjorten du møtte
og om uglemor som mata ungen sin
Eg fortel deg om svalene
og om stilla på verandaen min
Og eg ser kor vakkert det er
At du kan gje meg dine bilde
og eg kan gje deg mine
At vi kan dela og slik gjera kvarandre rike
"PLUKKA GLEDER" av Bente Bratlund