VAR DET EI GLEDE?
Skal du ikkje gå ut å plukka gleder spurde eg
Du svara at det var tomt i skogen
Så mange hadde fylt bøttene sine
Kanskje viss du løftar litt på lyngen
så ligg dei ei att der og ventar på deg foreslo eg
Du rista på hovudet
Men var det ikkje ei glede vi delte?
"PLUKKA GLEDER" av Bente Bratlund