Endeleg er vår eigi, kjære Thursday attende, i Swindon, med mann og barn og ei skrantande helse etter viderverdigheitane på slutten av bok 5. Og trass i at Landen ber henne roa ned og ho får jobb som bibliotekar, sluttar ikkje eventyra. Swindon vert trua av ein fornærma guddom, Hades-familien har ikkje gitt seg, Goliath Corporation driv med skumle ting som involverer bøker, og det er meir enn ei Thursday ute og går. Tuesday og Friday leitar begge etter svar på sine gåter, og Jenny – vel, ho har eit meir eksistensielt problem.
Fforde er attende i god gamal form – humoristisk, og leikande og akk, so forvirrande. Få svar på gåtene frå bok 5, og so godt som ingen referansar til bok 6, men med opningar for mange nye eventyr med Thursday og resten av familien Parke-Laine-Next.