NO ER VI SAMAN
Eg ser at du kjempar.
Så mange skuggar over blikket ditt.
Så mange tårar i ditt smil.
Men handa di er full av varme.
Du møter meg med ditt forråd,
ditt fargespekka liv.
Kor rik eg er som får vera i din nærleik.
Eg veit at du kjempar. At handa di som
stryk over mi har rørt ved livets avgrunn.
Eg treng ikkje spørja deg korleis du har det.
Eg kan ikkje løfta børa di av.
Du veit det.
Men no er vi saman ved ei kjelde.
Vennskapens brunn.
http://www.youtube.com/watch?v=pDOIKd3IpjE
Bente Bratlund