Å VESTLAND, VESTLAND
Å Vestland,Vestland, når eg ser deg slik,
med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all si venleik stort og vilt,
og atter møter meg so mjukt og mildt.
--
Å gleda strøymer i meg still og stor,
med glans av bjørkeli og blåe fjord.
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.
--
Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord,
og djupe dalen med sitt grøne fang
som skin av lauv og blom frå li og vang.
--
Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell,
lik dagsens timer tøyer seg mot kveld.
Det sveiper seg om tind og tronge dal,
eit draumeslør av sumarnatti sval.
Tore Ørjasæter
Viser 1 svar.
http://www.youtube.com/watch?v=5DTLr4YtaTk