SØSTERSKAP
vi rusa oss ikkje på vin
men på varmen vi gav kvarandre
der vi gjorde kvarandre synlege
kring eit slitt kafebord
fem blussande kvinner
over den første ungdom
vi la fra oss våre hustruplikter
mødreplikter ansvarsplikter
og berre var i ei lita lånt æve
saman delte vi våre ungjentedraumar
våre mørke lengsler
vi strekte oss mot einannan
som blomar mot lyset og lo
vi tok imot kvarandre
og gjorde kvarandre vakre
dette kvinnefelleskap
dette søsterskap
over ei kanne te
og varm eplekake
med krem
"Det er her,det er no" av Bente Bratlund