"Då Daniel drog ", eller "Vesle Daniel "...
Vesle Daniel skal ut i verda
og gjer kista klar i denne stund.
Over store hav mot sør går ferda
med “San Salvador” av Haugesund.
Der kjem far hans, gamle Dave Myra,
med ein låspung, messinggul og blank,
og slær fast at her ligg månadshyra
like trygt og stødt som i ein bank.
Men på kne ved leddiken ligg mor hans
og legg plagg for plagg i kista ned,
medan Knute-Sivert, yngste bror hans,
står og tryglar om å få bli med.
Mjukt og varleg stryk ho dyffelstrøya
som skal pryde Daniel i land,
og eit dobbelt kvitlepar for køya
legg ho ned med kjærleg moderhand.
Under loket ruver reisenista
og på heidersplassen øvst i kista
lyser salmebok og testament.
Men frå leddiken i løynd det glimtar
i eit lite flekkut skilderi,
der med blomstret barneskrift en skimtar:
“Di til døden trufaste Mari”.
Har din glade lått med gråt seg blanda?
No er timen komen, Daniel!
Havet kallar på deg, kom med handa,
vesle Daniel, farvel, farvel!
Jakob Sande
http://www.youtube.com/watch?v=odR1QQTI3Y0