Dette var ei kjempeflott bok. Hun tar opp emner som det å leve i en familie på godt og vondt, temaer som det går an å kjenne seg igjen i. Dessuten var det historiske bakteppet, om Iran, interessant. Har lest ei bok av henne fra før,den var også veldig bra. Kan anbefales!
Viser 1 svar.
Azar Nafisi er ei velutdanna, dyktig iransk dame! Og skrive kan ho! Å lese Lolita i Teheran er ei bok eg seint skal gløyme. I denne boka fokuserer ho på si eiga familie, sin eigen oppvekst i ein familie som strevar med konflikter på ulike plan.
Ho fortel godt om seg sjølv og foreldra - om deira gleder, frustrasjoner og sorger. Livet i familien vert sterkt påverka av revolusjon, og etterkvart eit totalitært Iran.
Innhaldet er bygt på hennar eigne erindringar, mora sine bilde og faren sine dagbøker.
Nafisi var trassig overfor mor si, ho følte seg sviken av faren sine løgner - og trass i hennar opposisjon mot dei styrande - viser ho ein sterk kjærleik til heimlandet sitt. Ei bok som gir innsikt i omveltingar - både private og nasjonale. Absolutt ei bok som kan gi refleksjon.