RAUSE MENNESKE
Dei finst-menneske
med rause armar
Dei med vidopen favn
Der ein kan koma
som den ein er
Utan godkjentstempel
og ID kort
Der ein blir møtt
utan spørsmål og forklaringar
Blir tatt imot
Så godt at dei fins
-rause menneske
Bente Bratlund fra boken "Det er her, det er no!"