Ingen GOD JUL, men håp om Godt Nyttår!

Når noko hender deg uheldig
er det oftast ørfint tilfeldig
med litt snø på ein isklomp, godt i skjul
snur heilt om, ei tiltenkt feiring av jul.
Tenkte meg både på fest og til kirke
min rygg og min fot ville slett ikkje virke.

Dette hendte meg rett før middag julafta
flata ut på trappa so eg såg stjerner i rafta
først får du det vondt, så vert du sint
når du langflat etter veggen ligg klint
i hodet det gnister som argaste morill
skulle berre over for middag hos Halvar og Torill.

Det skal ørlite til heime og ellers ute i landa
eit sekund å so vondt når dei slitner samhaldsbanda
resten av jula ga eg rett og slett opp
vart liggande i senga med min sundslegne kropp
at lårhalsen heldt, eg tek som ei gave
om så-hadde eg retteleg vorte ein slave.

Ja, dette var då, men so skal du høyre
vel ei veke etter kom eg heilt ut å køyre
på røntgen dei såg at kneet var brekt
ikkje berre sener som var forstrekt.
Et stykke av hofta dei sette i kneet
vart gipsa frå låret til oklaleet
med god hjelp, eg hinka rundt, men helst i senga eg sete
det er slett ikkje sundt å la vere å bruke vete.

"Frå Grasrota" av Ingrid Lied

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineKirsten LundDemeterMorten JensenChristoffersomniferumKristinHarald KGunn DuaasBerit ROlav Brostrup MüllerHauk1Beathe SolbergKjerstin BrutehaugJulie StensethPiippokattaBertyFriskusenEgil StangelandmgePrunellaNabodamaMonimeiEllen E. MartolAlice NordliAnniken BjørnesHegeIngunn SMarianne  SkageToveNina M. Haugan FinnsonToneSolveig StrandLilleviLabbelineGrete AmundsenRonnyTove Obrestad WøienMarteFride Lindseth