Kva er det å seia om Jason som ikkje alt er sagt? (Vel, mykje nytt blir sagt om han i siste nr av Vinduet. Løp og kjøp osv. Altså om mannen bak Jason, John Arne Sæterøy, som kan mykje meir enn å laga Jason-ruter, m.a. bokomslag med kultstatus). Den siste boka i ei lang rekkje av Jason-bøker er nett lese, og eg er framleis fan. Historiene i Jason-universet er på mange måtar like, på mange andre måtar er dei ikkje det. Dei er underlege, tomme på eit vis, det er liksom noko stumt over dei synest eg, desse fuglane og hundane som er meint å likna på oss menneske, sjølv om det er nok av snakkeboblar. Noko langt hinsides det infantile.

I denne historia dreg den unge jenta Gweny i veg med eit skattekart for å leita etter faren, som forsvann då ho var lita. Undervegs hamnar ho i klørne på ein gjeng sjørøvarar - men endå verre ting ventar: ho kjem til ein skule for små bødlar, der ho vert dømd til døden...

Kort sagt, endå ein ganske så sær og stundom grotesk Jason-bok. Anten er du fan (som meg), eller du har neppe sansen for det. Men for oss fansen... yess.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandHarald KLinda NyrudPi_MesonPiippokattaStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas