DÅ DERRICK VAR LITEN
Eg lurer på kva Derrick
gjorde då han var liten.
Fekk han kjeft
når buksa var sliten?.
Eg lurar på om Derrick
hadde ost på maten.
Og om han kasta
den blaute tomaten.
Sat Derrick og teikna
når læraren såg vekk ?
Og lagde små skurkar
med penn og med blekk?
Stal Derrick små eple
frå naboens tre ?
Eller tok han små vener
som sysla med det ?
Skreik Derrick høgt
av eit stikk BCG?
Eller kremta han berre
og nikka av det ?
Om kvelden når Derrick var ute ein tur,
var far hans sinna og mor hans sur?.
Gjekk Derrick alltid med riktig refleks?
Og korleis var dette med Derrick og sex ?
Han sykla nok ikkje utan si lykt
og sa aldri noko som var særlig stygt.
Han kom nok på skulen vaska og rein
og bakpå sykkelen sat Harry Klein.
Arne Hjeltnes
Viser 2 svar.
hehe morsomt.