Den litteraturen som har klart seg gjennom hundre år og meir blir jo automatisk ein del av vår kulturelle arv, og har gjerne breidt anerkjende litterære verdiar, så kanskje det freistar meir å gjera seg kjend med slike verk enn med litteratur som er så ny at den enno ikkje eigentleg har passert nokon slik «kulturell kvalitetskontroll».

Ein annan ting er litteraturens måte å behandle idéar, språk og annan kultur på. Samtidslitteraturen har best føresetnader for å gjera dette på ein måte som er mest mogleg tilgjengeleg for oss, sidan den blir til i vår kollektive idéverd. At språket, litteraturen og idéane er i stadig forandring gjer det dessutan også vanskeleg å unngå at gamal litteratur blir meir krevande, og kanskje mister somme av sine kvaliteter på vegen. Likevel har eg inntrykk av at dei gamle verka som blir ståande ofte gjer det fordi dei også kan lesast opp mot vår samtid.

Ellers er det jo noko eksotisk ved å fordjupe seg i fortidas litteratur. No er det ikkje så lenge vi har hatt romanforma slik vi kjenner den i dag, men det er vel nok til at ein kan begynne å samanlikne samtidas historiske romanar med dei romanane som vart til i den samtida dei skildrar. Kunne sikkert vore eit interessant prosjekt, men no tenker eg berre høgt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Yvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk Ottersen