Fullførte boka i går - på jonsokaftan. For meg er dette ei bok som vil sitte i kroppen lenge. Eg er vanlegvis ikkje lettrørt, men her kjende eg tårene pressa på - lesepauser vart nødvendige. Og det trass i at innhaldet ikkje var overraskande; eg er godt kjend med krigshistorie og krigslitteratur.
Nazismen som system er kald og grusom, og avlar kalde, kyniske menneske. Menneskeverdet tel ikkje, straffa for den aller minste motstand mot systemet er fatal, det er frykta og valden som styrer.
Anna og Otto Quangel - to ubetydelege personar som har mist sin einaste son - utfører sin stille motstand mot regimet ved å legge ut postkort på stader der folk ferdast. Det er deira måte å få tilbake sitt eige menneskeverd på.
Eg sluttar meg til det Knut Rage skriv ovanfor her: Dette er sterkt,gripande! Eg blir reint fortvila på vegner av mennesket - Korleis er det mulig at ein leiar og eit politisk system kan ta bort evna til sjølvstendig tenking, til å ta bort evna til empati, medkjensle? Eg må også tilføye at eg under "rettsbehandlinga" av ekteparet opplevde eg parallellar til Kafka og Prosessen - absurd!
Nokre språklege minus såg eg, men likevel er eg ikkje i tvil om at frå meg får denne terningkast seks. ( Ser ikkje bort frå at eg kjem til å lese meir av Fallada)
Viser 1 svar.
Hans Fallada levde sjølv eit dramatisk og sterkt liv, kanskje det førte han nærare sjølve det tragiske i mennesket - og det kjem tydeleg til syne i måten han skriv på - det er så sterkt, ei bok av Fallada vert sitjande i deg. Anbefaler også "Hva nå, lille mann?" Kåre Willoch sa ein gong at inga anna bok hadde makta å tydeleggjera kvifor så mange vanlege tyskarar slutta opp om nazismen.