MORGON PÅ KOBBESKJERET
Morgon på Kobbeskjeret
morgon for frie menn.
Takk for det fine veret
høgt oppi himmelen !
Måsen sin frukost veidar,
gauken i lia gjel.
Sjølv sit eg lur og seidar
over ein koparkjel.
Måsen har sitt i vente
spralande sild i stål
Eg har ei vakker jente
innfor mitt siktemål.
Urter i kjelen osar,
røyken mot målet dreg,
lokkar so fint og losar
jenta den rette veg.
Kanskje ho nett no kjenner
angen av alt som gror
den som dei visse menner
førde der fram dei for ?.
Oppfyll på same måten
kallet som når deg no !
Salv deg, hiv deg i båten
bind opp ditt skjørt og ro !
Nyvaska, fin og fjelga
kjem du med sjø for stamn
Namnet ditt vere Helga;
helga i Herrens namn !
Jakob Sande
Viser 1 svar.
Har absolutt sansen for Jakob Sande. At jeg har vært i området i noen uker i 2008 gjør også sitt. Har diktsamlingen hans ikke for hånden for øyeblikket. I tillegg; Jakob Sande, liv - dikting av Ove Eide + Frå leddiken Jakob Sande-dikt i færøysk tonedrakt av Hanus G. Johansen