Mitt hjarta har vore i livsens strid,
og mangt eit sår har det fenge;
det låg sjukt og sårt i so mang ei rid,
men endå det har til denne tid
frå leiken med livet gjenge.
Men ær på ær etter sår på sår
der er på kver einast' sida,
og upp dei brjota kver evig vår,
når lauvet spretter og isen går
og gauken gjeler i lida.
Men blomar bløma i desse ær,
og blømande blom er tåret.
Det soleis ogso med jordi er:
når regn og dogg ho frå himlen fær,
so veksa blomar i såret.
Aasmund Olavsson Vinje
Viser 3 svar.
Ja noen ganger - andre ganger finner man aldri noe som passer der og da.
Mange som har forska på Vinje har karakterisert han som ei gåte. Det kjem av den sårheita og undertonen ein finn i mange av dikta hans. “Den diktar aldri djupt, som berre ser på gleda”, eller: “I livet er slik sorg, at der er nok for song”. I dikta merkast tydeleg den følsame naturen hans. Mykje av forklaringa finn ein i saknet etter mora, som døydde då han var 9 år. Heile livet søkte han å reparere det såret. Vi skildrar livet hans ved å nytta hans sterkt personlige dikt, mange med melodiar av Grieg og fleire. <vi ønskjer å vidarebringe ei vesentleg norsk kulturarv.
Hentet fra nettet