Hetty har hjartesorg, ingen jobb og ei mor som vil ordna opp. Dermed vert ho sendt til ein framand landsby, der ho skal passa eit framandt gamal hus for ein framand gamal slektning. Huset viser seg å vera halvvegs til nedfalls, men fullt av gamal sjarm og historie. Med oppmuntring – og tvang – frå landsbybuarane, bestemmer Hetty seg for at huset atter skal visa seg frå si beste side, og løna seg. Problemet er berre at arvingen, kjent i landsbyen som “Conan the Barbarian,” har heilt andre planar for eigedommen.

Fforde (som på ingen måte må forvekslaast med den geniale Jasper) kan sin sjanger. Her har ein kjekke, tause og sterke heltar, søte, vimsete og romantiske heltinner, eit par biske og sta besteveninner i bakgrunnen, og ein setting som innbyr til eventyr. Plotet i seg sjølv er ikkje spanande, skrivestilen er ikkje banebrytande, men for oss som treng slik eskapisme innimellom er Fforde ei av dei som leverer, gong etter gong.

Sjå blogginnlegget mitt om boki her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamie