Tragisk religiøst drama

Her er mange trådar frå før, så måtte berre gjere eit val..

Etter å ha lese Havets katedral for ei tid tilbake, så såg eg fram til denne. Men, Fatimas hånd greip meg ikkje like mykje.

Hovudpersonen Hernando har heilt frå fødselen av relasjonar både til kristendommen og islam. Etterkvart ser han det som si oppgåve å knyte dei to religionane nærare saman - noko som er svært farlig. Den spanske inkvisisjonen fer fram på ein grusom og brutal måte. Der er ikkje mykje kristen nestekjærleik i dei religiøse leiarane på 1600-talet!

I tillegg til eit stort antal personar vert vi kjende med dei viktigaste kvinnene i livet til Hernando: mora Aisha, muslimske Fatima og den kristne Rafaela.Deira status - eller mangel på status gjer verkeleg noko med meg som lesar. I det heile er boka spekka med rå og brutale scener - nesten meir enn ein kan makte å lese.

Eg må tilstå at eg hadde tenkt å avbryte etter ca 300 sider. Både språklig og innhaldsmessig var dette til dels krevande lesing. Vel mange dårlige formuleringar og konstruksjonar, etter min smak.Og sjølv om Falcones verkeleg har lagt seg i selen med å framskaffe fakta om dei grusomme hendingane under inkvisisjonen, så verkar det som om det var det som var viktigaste: Å vise at dette kan eg!

Er likevel glad for å ha fullført. Historia om Hernando, Fatima og Rafaela greip meg - deira lagnad gløymer eg ikkje så lett! Har i tillegg lært ganske mykje om moriskar og deira vanskjebne i all si grusomheit.

Er svært usikker på terningkast - men pr i dag endar eg på fire pluss

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Jeg er så enig med deg i at Ildefonso Falcones har altfor mange dårlige formuleringer og konstruksjoner. Om jeg ville følt det samme om jeg hadde lest boka på spansk, vet jeg jo ikke, - jeg er ikke så god i spansk at jeg kan gå løs på ei så diger bok.
Beskrivelsene av alle grusomhetene er jo så forferdelige i seg selv, og det historiske bakteppet er egentlig interessant. Men oppramsinger av grusomme handlinger og forferdelige hendelser og folkegruppers opprør er ikke nok til å lage ei god bok. Eller å vise at man kan (!), som du også sier her. For det føler jeg også litt på, at han vil vise at han har god greie på fakta om denne tidsperioden.
Men jeg savner dybden i menneskene det skrives om. Jeg vil inn i hodene til hovedpersonene, kjenne deres følelser og innerste tanker. Dette syns jeg ikke forfatteren klarer å formidle godt nok, dessverre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Leste noe om Spania på den tiden da inkvisisjonen herjet. Husker ikke bokens tittel, men fikk lyst til å lese om igjen om denne tiden. Tror jeg prøver meg på denne når det måtte passe. :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om eg ikkje huskar feil, så vart den spanske invisisjonen rekna til den mest ekstreme. Det er eit rått og brutalt regime - liknar lite på den kristendommen eg har lært om!

Det som forundra meg sjølv ein del, var at eg ikkje kjende til moriskane og deira lagnad. Har lese ganske mykje historie, men dette var nytt for meg. Har høyrt og lese mykje om maurarane - men om moriskane visste eg ingenting. Rart!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var i den tiden de heiv ut araberne og ikke lenge etter "fordrev" de jødene også. Liker å lese historie tror noe av dette ble beskrevet i Hellig Blod, men har også lest i en annen historiebok fra biblioteket om akkurat dette. Husker bare ikke bokens tittel, det er noen år siden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigreJulie StensethMarenGitte FurusethBerit R