Berre meg som har denne visst..!?

Ei bok eg plukka med meg frå ein Rimi-butikk i fjor. For meg var forfattaren ukjend, men omslagsteksten kunne tyda på at boka kunne vera ei grei reisebok. Dessutan pleier dansk krim å vera lesbart.

Boka vil eg karakterisera som ein femikrim. Ikkje feministisk, men meir i dameroman/"chick-litt"-klassen. Slett ikkje ei dårleg historie, men det vert litt mykje "damestoff". Hovudpersonen, ein kvinneleg journalist, kan minna om Marklund si Annika Bengtzon og Läckberg si Erika Falck. Eg tippar Egholm har henta inspirasjon frå desse.

Boka fungerer absolutt som reise- og sengelektyre, og eg ser ikkje vekk frå at det kan bli kjøpt fleire pocketbøker i denne serien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandHarald KLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas