Ein litt spesiell roman for meg, for eg var del av det miljøet som forfattaren skriv om. På mange måtar ein nøkkelroman, om eit intenst forhold som vart slutt - og mykje meir, om å vere ung i slutten av 1960- og fyrst i 1970-åra. Nå er både forfattaren og modellen for den kvinnelege hovudpersonen døde. God til å vere debutroman, frisk og vemodig på same tid.