Ei av dei beste diktsamlingene frå den moderne verda skal visstnok vera Walt Whitman si gedigne "Leaves of grass". Eg les ho for tida på senga. Men anten det no er omsetjaren si skuld (og det er det neppe, for han har gjort eit storverk etter kva eg kan sjå), eller om det berre ER slik når Whitman sine tekstar vert omsette til norsk, så finn eg ikkje den same poesien eller klangen i det språklege i denne utgåva, sjølv om ord for ord-omsetjinga er godt ivareteke. Det høyrer du med ein gong på den omsette tittelen: "Gresstrå". Ei samanbiten hvisling. Ikkje det same som det opne og syngjande "Liiiivs of græææsss", er det vel? Eg tilrår å finna originalen på nettet.

"Leaves of grass" er forresten meir enn ei bok. Det er ein heil mann. Whitman skreiv på denne boka, som han gav ut på eige forlag, heile livet. "Leaves of grass" kom i den eine versjonen etter den andre. I dag står boka som det fremste meisterverket i amerikansk poesi. Heilt frå gymnastida forelska eg meg i tekstar frå boka, som "Pioneers! o, pioneers" og "I hear America singing". Dei høyrde på sitt vis heime mellom beatpoetane og Bob Dylan. Absolutt eit verk å ta vare på.

Omsetjinga ville klinga betre på nynorsk. Bokmål er for knipsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpChristin SillibakkenMalinTheaG LReidun SvensliNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalRolf IngemundsenPiippokattaMarie HolterEvaHanne Kvernmo RyeJulie StensethEileen BørresenTove Obrestad WøienChristinaLinda RastenAnn Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsa