Ein favorittsyssel for meg er å gå på jakt i hyllene på biblioteket. Ofte vel eg bøker fordi dei har eit fint eller spesielt omslag, ein artig eller spennande tittel, eller noko anna som fenger der og då. Ein del av mine beste lesaropplevingar har kome som følge av denne typen jakt (forøvrig den einaste typen jakt driv med.. ;-) Det har naturlegvis vore nokon bommskudd òg, men som Mari seier nederst her, så finn ein som regel noko bra med dei aller fleste bøker. Nokon gonger trur eg at høge forventningar kan ødelegge bokopplevinga - dermed les eg gjerne (for meg i alle fall) heilt ukjende bøker.
Viser 2 svar.
Høge forventningar går heilt greitt så lenge boka er god :) Dersom ein blir skuffa, så er det jo fordi boka ikkje var så god som lova. Problemet, slik eg ser det, er ikkje først og fremst at ein blir skuffa, men at ei bok er dårleg.
Godt poeng, men eg trur leseopplevinga kan bli påverka av veldig gode eller veldig dårlege omtalar. I alle fall mine leseopplevingar. Eg les gjerne bøker litt ekstra kritisk viss boka har blitt rost opp i skyene over alt.. Men, det seier kanskje meir om meg enn om bøkene ;-)