Magda bur midt i audemarka saman med far sin og arbeidsfolki. Då faren tek seg ei elskarinne mellom desse, raknar tilveret for Magda, og sjalusi, vald og hat er resultatet.

Historia er fortalt og gjenfortalt gjennom Magda, vridd og vendt på, og endra etterkvart som minna og fantasien hennar finn det for godt. Kva som eigentleg skjer er aldri heilt klart, og romanen peikar dermed òg på det som aldri kan forteljast, og korleis liv og fiksjon er butte nært saman. Den interessante strukturen med nummererte avsnitt understrekar dette, særleg sidan nummera sjeldan eller aldri stettar den vanlege forståinga av kronologi.

Urovekkande, tankevekkande og med forteljargrep som både underheld og uroar set Coetzee fokus på eit minefelt av spenningar - både historiske spenningar i eit kolonisert Sør-Afrika, spenningar mellom familiemedlemmer, sosiale hierarki og etniske grupper, og i mennesket sjølv.

Blogg-innlegg om boki her og her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienBokToreKirsten LundGrete AastorpThomas KihlmanJørgen NAliceInsaneVibekemgeBerit RTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard HolvikGro Anita MyrvangSynnøve H HoelMarteAud- HelenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPirelliMorten MüllerGodeminePiippokattaFredrikKjerstiDressmyshelfandrea skogtrø egganEli HagelundStine AskeTrude JensenTrygve JakobsenLinda NyrudJulie StensethEvaMonica CarlsenHarald K