Musikken i fjernsynsteaterversjonen av Fruen fra havet i Per Bronkens regi frå 1979, Gustav Mahlers niande symfoni, verken meir eller mindre, slår an tonen i denne over tretti år gamle produksjonen. Dvd-en tåler å bli sedd på ny, med ei fjern og gåtefull havfrue (Liv Ullmann) og ein livsfjern ektemann (Finn Kvalem som doktor Wangel). Ingen stader ber Bolette (Marie Louise Tank) og Hilde (Minken Fosheim) meir preg av å leve i ein karpedam enn her – og dei mister nesten lengselen etter å dra ut. Men dei bergar seg. Odd Furøy, denne scenas gentleman, speler overlærer Arnholm (som i den engelske tekstya har vorte til headmaster, men ein overlærara var ingen rektor, men , men lektor («sixth form teacher» ller «master») svært truverdig, mens Even Stormoen speler Lyngstrand slik eg har sett føre meg kunstnaren med «knekk» for brystet. Interessant nordisk samarbeid kjem fram når Ballested blir spelt av Jens Okking (som Bronken tydelegvis har sagt ikkje skal ha problem med å seie akklimatisere, enda stamminga er eit poeng hos Ibsen) og «Den fremmede» av Thommy Berggren. Eg likte å bruke ein kveld på dette, men eg syntest at lydboka var betre.
Viser 4 svar.
Riksteateret setter opp Fruen fra Havet denne høsten. Følg med om forestillingen kommer der du bor:-)
Alt er planlagt: Fyrst Et dukkehjem (bok pluss smakebitar frå cd og dvd)med elevane, så Fruen fra havet (smakebitar frå bok og dvd) med elevane, så sjå Fruen frå havet på Riksteatret og deretter gi elevane i oppgåve å samanlikne Nora og Ellida. Gleder meg - nesten synd med ferie og avspasering fyrst!
Så fin oppgave:-) Er du lærer i ungdomsskolen eller videregående eller? Er selv lærer i barneskolen, men har et studieår i Bergen, så da blir jeg lektor:-)Tar master i barne & ungdomslitteratur. "Et dukkehjem" så jeg med Riksteateret for to-tre år siden. Veldig bra:-) Jeg skal absolutt se "Fruen fra havet" når forestillingen kommer hit til østlandet i oktober:-) God sommer med Henrik Ibsen:-)
Eg har lært meg å seie at eg ikkje er ein yrkestittel: Eg er ikkje lektor, men eg arbeider som lektor i den såkalla vidaregåande opplæringa.