Eg har kost meg med radioteaterversjonen av Fruen fra havet, og oj! Dei har så gode stemmer, Gørild Mauseth (Ellida Wangel – men direkte hysterisk verkar ho ikkje; ho er varm og frisk, synest eg), Bjørn Skagestad (ein snill doktor Wangel), Heidi Gjermundsen (som skapt for rolla som Bolette), Andrea Bræin Hovig (som skapt, ho òg; ho speler Hilde), Lasse Kolsrud (Arnholm), Kåre Conradi (Lyngstrand), Jan Hårstad (Ballested) og Hallvard Holmen («Den fremmede»). Ei lys oppsetjing, dette, i hovudtrekk, men dystre, mystiske og dragande undertonar blir formidla av trollmennene Åsmund Fedje (musikk) og Erki Halvorsen (lyddesign). Regien er ved Else Barratt-Due, som det er all grunn til å gratulere med ei annleis oppsetjing av dette veldig spesielle stykket, heilt annleis enn fjernsynsteaterversjonen frå 1979.

Godt sagt! (2) Varsle

Sist sett

KirstenHarald KKjell F TislevollMads Leonard HolvikLinda NyrudAvaRandiALaddengretemorVannflaskeLars MæhlumStig TPiippokattaThor F.Hilde AaLilleviErlend SamnøenTine SundalTove Obrestad WøienBjørg L.LinnGitte FurusethLailaPer LundTrude Jensenmary (marvikkis)Martin ABTore HalsaTanteMamieNora FjelliMonimeiSynnøve H HoelCathrine PedersenEster SFinn Arthur JohansenNorahIrakkTonje SivertsenEivind  VaksvikLiv-Torill Austgulen