"Hvis fem litterturprofessorer og Nordisk råd mener boka er god, er den da bedre enn om ti tusen lesere elsker den?" Svaret er ja. For dei ti tusen lesarane kan boka deira vere den beste leseopplevinga dei har hatt. Det er ei god bok for dei, men det er ikkje dermed sagt at det er ei god bok. Tusenvis ser på Paradise hotel, og du er vel einig i at det ikkje er god tv... Det er ikkje snobbete å skilje mellom kva som er ei god bok og ikkje. Dette er ikkje noko ein gjer for å skilje seg ut og vere spesiell. Det er berre slik at det er kvalitetsforskjell på ting, det vere seg film, musikk, bøker, tv-program, kokkekunst, øl, båtar, bilar osv.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 8 svar.

Eks. var veldig svart/hvitt, men det er nok noe i det. Det kommer ann på hva man mener er kvaliet og hvordan det "måles" De "fem litteraturprofessorene" har helt klart sine subjektive meninger. Jeg husker jeg leste ei bok av Per Petterson (husker ikke hva den het. Jeg tror det var "Jeg forbanner tidens elv") som hadde fått Nordisk Råds pris. Den hadde kjederlig og dårlig språk. Historien var tynn og engasjerte meg lite.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Av og til tar ekspertane (les: litteraturprofessorane) feil, men stort sett må vi stole på at dei kan meir om emnet enn oss andre. Vi tvilar ikkje på at det er slikt innan andre emner enn litteratur. Dersom nokon kritiserer klimaforskarar blir dei sett på som dumme, men dersom litteraturforskarar har eit anna syn på ei bok eller ein forfattar vi liker, ja då er det dei som tar feil. Dei er snobbete, sære og elitistiske.

Det er ikkje eit utprega subjektiv syn frå litt.prof. som gjer at dei synast ei bok er god. Dei har ein grunngjevnad. "Problemet" er vel mest at lesarar blir fornærma når dei opplever at andre (som generelt har betre kunnskap enn dei) seier at det dei likar og opplever som godt, ikkje er god litteratur. Og då føler ein at nokon ser ned på deg og din smak, og då "angrip" ein gjerne eksperten. Ein må kunne skilje mellom god litteratur og meir underholdningsprega litteratur. Eg les begge delar, og ser forskjellen.

PS! Synast ikkje "Jeg forbanner tidens elv" har eit kjedelig og dårleg språk, tvert i mot. Petterson er ein av dei beste forfattarane vi har i Norge, noko Nordisk råds litt.pris er eit bevis på. Personleg likar eg "Ut og stjæle hester" betre. Er etter mi meining ei av dei beste, om ikkje den beste, bøkene som er utgitt i Noreg i etterkrigstida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å sammenligne litteraturprofessorer og klimaforskere er vel litt drøyt. Klimaforskning er vitenskap mens litteratur er kunst. Og hvem er det som avgjør om kunst er kunst eller makkverk?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sant nok. Ikkje ei god samanlikning.

Litteratur er kunst, og nokon har meir innsikt innan dette område enn andre. Dei er derfor meir skikka til å seie noko om kvaliteten og. Og ein kan jo sjå vitenskaplig på kunst. Det er vel difor vi har litteraturprofessorar. Dei er ekspertar og vi er amatører.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg ingen formening om hvordan personer som anmedler bøker er og jeg vet ikke hvorfor folk ev. kaller de for snobbete, sære og elistiske.

Det ligger nok alltid et objektivt utgangspunkt i bunn, men det er alltid subjektive meninger med i sluttresultatet.

Det er heller ikke noe svart/hvitt syn på god litteratur og meir underholdningspreget litteratur. De glir ofte inn i hverandre. Det er nok ikke noe som heter riktig eller galt universielt når man skal gradere kvaliteten på skjønnlitterære bøker. Vi er kanskje grunnleggende uenig når det gjelder dette.

Nordisk Råds priser gir vel ingen beviser på noenting egentlig, men det er viktig at Nordisk Råd mener noe om dem. Det virker som om det er en både og stemning angående Per Pettersons bøker. Fint at du liker dem.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Blanda nok saman deg og MiaMaria i forhold til syn på litt.prof. Ser kva du meiner med at det subjektive spelar inn, det gjer vel alltid det i ein eller annan grad når det kjem til stykket. Men poenget er at det er ein årsak til at nokon bøker er bedre enn andre, nokre objektive kriterier. Vi er nok ueinige om dette ja. Det er sjølvsagt ei flytande grense og ikkje svart/kvitt, men det går fint å seie kva som er ei god bok og ikkje.

Vil nok og seie at det er eit klart kvalitetsteikn å vinne, eller vere nominert til, Nordisk råds litteraturpris. Det er våre beste forfattarar som har vunne denne. Er vel det nærmaste ein kan komme eit "bevis" på god litteratur slik eg ser det. Har ikkje merka nokon både-og-stemning hos kritikarane angåande Petterson, men no har ikkje eg full oversikt over over desse heller. Han er vel den mest meritterte av våre forfattarar, både i inn- og utland, og det er vel ein god peikepinn

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig at det er kvalitetsforskjell på bøker, men poenget at man ikke drar det forlangt. Som du sier selv at forskjellige utvalg kan gi en pekepinn på hva som kan være bra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det viktigaste er jo ikkje kvalitetsforskjellane, men kvar lesar si oppleving av ei bok. Så er einig der. Men føler av og til (kanskje berre eg som føler for mykje) at folk setter likheitsteikn mellom si eiga oppleving av ei bok og kor god boka er. Blir litt rart å sjå i VG at Merethe Lindstrøm får terningkast fem og vinn Nordisk råds litteraturpris (altså kåra til den beste boka i Norden dette året) og så får Nesbø og krimdronningane seksarar i mengdevis, mens dei knapt får ein pris som betyr noko. Men det blir kanskje ein annan diskusjon...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Agnete M. HafskjoldHanneEster SKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenReidun SvensliPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtotheaHeidi