Dette er ei bok om kjærleik og om å elske for mykje og ikkje på den rette måten, sånn at ein kan risikere å forsvinne og utslette seg sjølv. At det er ei god bok om desse tinga, vil eg ikkje påstå. Boka er stappa med ord, altfor mange ord, gjentakingar og lange setningar. Eg blei sliten undervegs, og ville leggje ho frå meg, hadde det ikkje vore for at det var den einaste boka eg hadde der og då, og så var eg komen for langt til å leggje ho vekk. Når det er sagt, så var ho litt fin inni mellom òg. Men det var for langt mellom dei fine stundene.