Sitat fra boka "Hamsun i Paris. 8 foredrag fra Hamsun-dagene i Paris 1994":
"I Hamsuns biografi er Pan knytt til opphaldet i Paris frå april 1893 til mai/juni 1895. Stundom blir det jamvel hevda at Hamsun skreiv Pan i dei to vesle romma i Rue de Vaugirard nr. 8, der han budde storparten av tida. Det er ikkje heilt rett. Dersom Hamsun hadde fortalt oss historia om desse åra som på mange måtar er nokså gåtefulle, ville han kanskje ha gitt eit av kapitla tittelen "Korleis eg ikkje greidde å skrive ei av bøkene mine". Saka er nemleg at Hamsun måtte vende tilbake til Norge for å fullføre meisterverket sitt - denne merkelege historia om kjærleiken mellom løytnant Thomas Glahn og den unge Edvarda. Det dreier seg på mange måtar om ei sentimental historie, i den meininga Friedrich Schiller har gitt dette adjektivet: Boka fortel ikkje berre om draumen om eit autentisk liv i Naturen, men også om kor umogleg ein slik draum er. Altfor ofte vert denne dimensjonen i romanen gløymd; difor er det viktig å understreke den med det same: Meir enn ein lyrisk song til Naturen, Ungdomen og Kjærleiken, er Pan ei desillusjonert forteljing om eit nederlag, ein slags rapport om ei tragisk livserfaring."
(Atle Kittang)
I 1994 var det 100 år siden "Pan" ble utgitt for første gang. Jeg siterer også det første avsnittet i Kittangs foredrag:
"Det som samler oss her i Paris denne novemberveka 1994, er hundreårsminnet for utgjevinga av ein roman - skriven av ein norsk forfattar og publisert i København. Ei heil veke med seminarføredrag og diskusjonar, men også med musikk, biletkunst og litteratur - kort sagt: ei brei mønstring av norsk samtidskunst. Og alt dette for å feire utgjevinga av ein roman... Somme vil kanskje meine at det er i meste laget. Men så dreier det seg på den andre sida om ein roman som høyrer med blant høgdepunkta i moderne europeisk prosakunst i det heile. Og trass i alt det forfattaren sjølv gjorde mot slutten av sitt liv for å gjere seg fortent til gløymsle og taushet, er det ingen tvil om at Knut Hamsuns verk i dag opplever ein stadig aukande popularitet verda over. Så kvifor ikkje markere på skikkeleg vis hundreårsjubiléet for Pan?"
Tiltredes!