Det mest interessante med boka er forteljaren si stemme. Han fortel med avstand til gutane han fortel om, men det er som om han er ein av dei. Han har heilt klart vore i situasjonane sjølv. Gutane er norske elevar på eit fransk gymnas, og bur på internat langt frå familiane i Noreg, noko som er både spennande og skummelt, det veit alle som har budd på hybel. Og dei som har budd på skuleinternat kan kjenne seg att i mykje av livet som blir beskrive i boka. Korleis det er å dele rom, dele bad, stove og matsal med andre, i byrjinga ukjende unge menneske, og den paradoksale kjensla av å vere åleine. Forteljaren har sett seg ut ein av gutane som objekt, som om han kan studere livet hans frå tilskodarplass, men tilegnar òg guten tankar og kjensler slik han truleg har det. Denne skildringa er nokon gonger filosofisk og lyrisk skildra, men det vert aldri noko høgdepunkt eller noko særleg spenning i historia. Litt lærerikt er det likevel å få forklart ulikskapen mellom den norske, litt for avslappa haldninga til skule og læring, og det franske, strenge, disiplinære skulevesenet. Og at nordmenn er desto meir ivrige i kroppsøving enn dei franske elevane, merkeleg nok!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LailaElla_BPiippokattaCarine OlsrødVibekeKirsten LundAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine Sevilhaug