I kåringa av Noregs hundre beste album kom denne på niande plass. Det er skrive pamflettar (+/- hundre sider) om dei ti beste. Denne er ført i pennen av Ketil Bjørnstad. Boka fortel om mykje meir enn sjølve dette konkrete albumet, men det meste fører fram mot (meister-)verket. Boka fortel om jazzmiljøet i overgangen frå 60 til 70-talet, om europeisk vs. amerikansk jazz, om oppbygginga av ECM med leiaren Manfred Eicher. Bjørnstad gjer også nokre spark til kritikarstanden, men ikkje meir enn at det bør tolast. For dei som er interessert i jazz, og som meg: spesielt denne perioden, er det ei fin lita bok, raus og innsiktsfull. KB syner at han er musikar, og er innom litt fagterminologi, akkurat nok til at det ein får utbyte av det, og utan at det vert for internt. Eg fekk meir innsikt av å lesa dette

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaWencheAnne-Stine Ruud HusevågDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig THanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveLogika