Så er eg, etter at dei fleste andre er ferdige, i gang med Martin Chuzzlewit. Vanleg dickensk opning, vil eg seie, med brei bakgrunn og fleire sidetrådar før vi begynner å nærme oss hovudmotivet.

Utgåva mi har mange kommentarar. Eg ser at det alt i andre avsnittet i kap. 1 er ein referanse til 1. Mosebok, der det står om «a murderer and a vagabond» - ingen andre enn Kain og Abel er det tale om når Dickens skriv «It is remarkable that there was, in the oldest family of which we have any record, a murderer and a vagabond». Kommentaren seier at dette er ein referanse til Kain, som drap broren Abel. Ja, det er det. Så kjem det, i kommentaren: «After his condemnation Abel says: ‘I shall be a fugitive and a vagabond in the earth’» (Genesis 4.14; Authorized Version). Men det er, I alle høve etter den nye, norske utgåva, Kain som seier dette (for Abel er sterkt forhindra) i 1 Mos 4,14-13:

Då sa Kain til Herren: ‘Skulda mi er for tung å bera. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.’

Interessant. Interessant er det òg at John Steinbeck henta tittel frå eit vers litt lengre nede, der vi les at Kain busette seg austafor Eden (1 Mos 4,16) …

Å, her går det mykje i pengar! På same måten som kommentatoren, Patricia Ingham, siterer Pecksniff, i kap. 2, Bibelen feil. Der Paulus i 1 Tim 6,10 skriv aktuelle ord til Timoteus og seier

For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding,

kuttar Pecksniff ut sjølve poenget:

’Money, John,’ said Mr Pecksniff, ‘is the root of all evil. […]’

Interessant, dette òg. Og gamle Martin Chuzzlewit viser, i kap. 3, til sjølvaste kong Midas: «You have heard of him whose misery […] was, that he turned every thing he touched, to gold.»

Lovande opptakt som kommentar til dagens økonomiske situasjon i mange land. Det gjekk jo ikkje så bra med Midas.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg skjønner at Dickens kan leses på flere nivåer - og at vi som leser han for første gang, har mye igjen å hente.
Takk for din informasjon, Kjell. Gleder meg til å gå videre i denne samlesingen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Cathrine PedersenMarit HåverstadBjørn SturødEli Svendsen Heie HaugerudPer Åge SerigstadEmil ChristiansenKirsten LundTine VictoriaNinaPer LundHeidiGeir SundetLars Johann MiljeMaikenElin FjellheimAnn-ElinReidun SvensliAneHarald KAmanda AIna Elisabeth Bøgh VigreBerit RJennyMartinKjell F TislevollBjørg L.siljehusmorMorten JensenPiippokattaSigrid Blytt TøsdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEgil StangelandVigdis VoldBjørg RistvedtHilde H HelsethLene AndresenLailaTanteMamieGro Anita MyrvangTine Sundal