Det nest siste kapitlet, II.73, viser at dQ framleis er overtruisk – han tek varsel, «agüeros», av tilfeldige hendingar og trur dei viser at han ikkje får treffe Dulcinea meir. SP, derimot, viser seg som den jordnære karen han eigentleg er og ser faktisk ut til å realitetsorientere dQ. Dei møter presten og Carrasco og kjem heim til dQ – og stakkars Tereza Panza, som har trudd at mannen var guvernør på ordentleg. Til dette har eksguvernøren «udi egen Indbildning», for å stele litt frå Holberg, dette å seie: «Det er ofte slik at der det finnes kroker, har du ikke skinker å henge dem på» (W). I originalen står «[…] que muchas veces donde hay estacas no hay tocinos», noko som får LAM til å kommentere at dette er eit ordtak som er «trastocado», altså opp–ned, snudd på hovudet, for det som SP ønskjer å seie, er «aunque no lo parezca. Traigo dineros»: Sjølv om det ikkje ser slik ut, har eg pengar på meg. Så viser han til tilsvarande uttrykk i I.25, II.10 og II.55 – og eg vel å tru han, eg går heller vidare framfor å kontrollere. Men eg kan leggje til at når det i spanske restaurantar heng skinker frå krokar i taket, som på den restauranten rett nedanfor Plaza Nueva i Granada, med don Quijote-figur utanfor døra, skal dette, har eg lese, vere resultat av ein metode for å få folk til å vedgå at dei var jødar eller muslimar: det var berre å peike på skinka og spørje om dei ville ha mat, og så fekk ein sett om dei var kristne eller ikkje. Og ville dei ikkje ete, var valet anten å skifte religion eller å bli utvist. Eg håper forresten å få lese den omdiskuterte boka om det forfattarane kallar *Spansk gullalder* (jf. dei siste tre nummera av Dag og Tid - debattinnlegga finst ikkje i digital utgåve).

dQ er med presten og studenten; etter nederlaget skal han halde seg eit år i landsbyen og leve det dydige gjætarlivet. Her er ein ny galskap. Namna på gjætarjenter som blir nemnde, fortel LAM har vore ramsa opp i I.25. Og han nemner Dulcinea for siste gong midt inne i dette kapitlet, seier LAM.

Niesa syng ein villancico, ein julesong, er det vel helst, men W skriv berre «sangen»:

Pastorcillo, tú que vienes,
pastorcico, tú que vas?

W skriv at ho seier «De er for gammel til å begynne på nytt». Og Cervantes? «Pues en verdad que está ya duro el alcacel para zampoñas» - alcacel er bygg, og zampoña er ei fløyte av strå. Altså at “stammen”, om ein kan bruke dette ordet om kornplanter, og det får vel vel ein ikkje-botanikar lov til (eller skal vi rett og slett seie strået?), var for hard til å bli brukt til fløyteemne. Den som berre les W, går altså glipp av at niesa ikkje seier direkte at onkelen er for gammal til noko nytt nå, om lag som skutelsveinen, eg hugsar ennå ordet frå eg las Snorre for fyrste gong sommaren før eg begynte på realskolen, til Olav Haraldsson, som sa “I morgon er det måndag, herre,” da kongen sat og spikka på kviledagen.

Da står det att eitt kapittel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Siste kapittel er II.74. Helten vår blir sjuk, set opp testamente og døyr. Cervantes opnar med nokre altfor sanne ord: «Como las cosas humanas no sean eternas, yendo siempre en declinación de sus principios hasta llegar a su último fin, especialmente las vidas de los hombres, […]» (W: «Siden de jordiske ting aldri er evige, og alltid svekkes fra sin første begynnelse og inntil sin ende, særlig menneskenes liv, […]»). Ja, slik er det.

Den Sannazaro som blir nemnd fyrst i kapitlet, er – eller var – Jacopo Sannazaro (1456–1530), ein napolitansk forfattar som m.a. skreiv La Arcadia (1480–1485), ein gjætarfabel på vers og i prosa som vart modell for gjætarromanane på 1500-talet. Eg har lese ein slik roman på fransk, og takkar LAM for kommentaren.

Carrasco prøver å muntre dQ ved å snakke om gjætarlivet, men til inga nytte. Pussig nok las eg nyss om «the Pastoral life» i Martin Chuzzlewit av Charles Dickens! Viktigare er vel at dQ kjem til sjølverkjenning og innser at han har fare med tull. Ikkje er han don Quijote av la Mancha lenger, men den gamle Alonso Quijano. Dette gjekk usannsynleg fort, i grunnen, seks timars svevn, og så la han Amadís de Gaula for hat. Men tru ikkje at dette er tilfeldig! LAM skriv dette: «La calentura y este largo dormir nos dan el diagnóstico del trance que conduce a la normalidad mental y a la muerte, según teorías del doctor Huarte de San Juan, […]» - og så viser han til kjelder eg ikkje heilt klarer å identifisere. Men det han seier, betyr «Feberen og denne lange svevnen gir oss diagnosen transe, som fører til mental normaltilstand og død, etter teoriane til dr. Huarte de San Juan».

Han har vorte klok av skade, seier han hos W; originalen har «escarmentando en cabeza propia», og PV, den danske ordboksdama, seier faktisk at escarmentar kan bety å bli klok av skade. Og her skjer dette t.o.m. «en cabeza propia», i eige hovud, for å vere sikker. Så har han gått frå å vere galen til å bli klok, «de loco a cuerdo». Det var ei vanleg oppfatning, får vi vete av LAM, at dei som var galne, brukte å få at dømmekrafta før dei døydde, og det er altså derfor at dei som er hos dQ, skjønner at det går mot slutten.

dQ ber SP om tilgiving: «Perdóname, amigo, […].». Han var galen, og har fått att vettet: «Yo fui loco, y ya soy cuerdo.» Så set han opp testamentet; at niesa heiter Antonia Quijana, seier LAM, viser at ho var dotter av ein bror av riddaren.

Til slutt oppgav han si ånd, som det heiter («dio su espíritu»); eg meiner å seie, skriv Cervantes, at han døydde: «quiero decir que se murió». LAM fortel oss at Borges skriv at Jorge Luis Borges seier at heile boka har vorte skriven for denne scenen …

Samson Carrasco skreiv eit dikt, står det; slutten byggjer på ein romance frå Granada, «Estando el rey don Fernando», som fortel om da don Alonso de Aguirar. Og Cervantes gir Cide Hamete siste ordet.

Før eg takkar for følgjet, særleg til han som har kommentert den spanske utgåva mi, Luis Andrés Murillo (som eg har kalla LAM), vil eg gjerne vise til eit sitat eg har lagt inn frå det som Karl Ove Knausgård skriv om don Quijote i Min kamp 6. Så er eg ferdig med Don Quijote. Ferdig med Don Quijote? Å, nei …

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kom over ein interessant artikkel om påverknaden frå Don Quijote i europeisk litteratur!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det begynner å bli en stund siden vi leste Cervantes nå, men både Don Quijote og Sancho Panza dukker opp både her og der, nå sist i Jan Guillous "Heksenes Forsvarere". Ikke nok med at en av inkvisitorene (kardinal Bernardo de Sandoval y Rojad) er Cervantes beskytter, Guillou finner paralleller til romanfigurene hans blandt presteskapet i Sverige : "For eksempel fikk han (herredsmann Psilander) vanskeligheter med en del pinlige avsløringer om hva han og hans nidkjære Sancho Panza, presten Kjellinius, hadde gjort med de dømte heksene de trakasserte i fengselet på Kastellholm." Jeg mener også å huske at Knausgård refererte til Servantes i en av de siste Min Kamp-bøkene. Noen som husker?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er vel dette du meiner (trur eg har lagt det inn før):

Hvis vi sier at vår nåværende kultur ble endelig grunnlagt på sekstenhundretallet, i den forstand at alle de elementer som preger vår tid, for første gang var til stede da, er det mellom to bestemte portalfigurer som dørene slås opp: Hamlet og Don Quijote. Deres forfattere, Shakespeare og Cervantes, døde samme år, og deres forståelse av et menneskelige, så radikalt ulike de enn fortoner seg innbyrdes, danner to poler i vår forståelse av oss selv. I deres tid ble det absolutte, som de kjente gjennom navnet det guddommelige, trukket nærmere og nærmere det relative. Det vil si det mellommenneskelige, som er et annet navn på det sosiale. Hamlet tviler, og det er som om han oppdager tvilen, den fyller alt. Don Quijote tviler ikke, han tror, men det han tror på, og som han ser, siden det fyller hans syn, er ikke virkelig, det tilhører fiksjonen og ikke verden. Han ser sauer, senker sin lanse og går til angrep, han tror det er en fiendehær. Han ser en vindmølle, senker sin lanse og går til angrep, han tror det er en kjempe. Don Quijote er en komisk helt. Hamlet er også en helt, men av den eksakt motsatte grunnen, han tviler og relativiserer i en verden av absolutter. Hamlet er en tragisk helt. Don Quijote ser den gamle verden som for siste gang. Hamlet ser den gamle verden som for første gang. Gjennom dem ser vi oss selv, for vår kultur er grunnlagt i tvilen, og vårt spenn strekker seg fra den relative hverdagsvirkeligheten og til de store forestillingers himmel. Hitler eliminerte tvilen, og han senket de store forestillingers himmel ned i den relative hverdagsvirkeligheten, det vil si, innsatte fiksjonen i den materielle virkeligheten og gjorde virkeligheten om til et skuespill, som låste enkeltmennesket fast til masken.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk, det var dette jeg mente. Jeg lette etter det i Don Quijote trådene, men de er mange og lange, så jeg ga nok opp litt for tidlig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Danke, es ist wirklich möglich dieses Tema ein ganzes Leben zu studieren.... Fügt man "Faust" hin, hat man alles. ... und ich bin immer noch nicht mit dQ fertig...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Cathrine PedersenMarit HåverstadBjørn SturødEli Svendsen Heie HaugerudPer Åge SerigstadEmil ChristiansenKirsten LundTine VictoriaNinaPer LundHeidiGeir SundetLars Johann MiljeMaikenElin FjellheimAnn-ElinReidun SvensliAneHarald KAmanda AIna Elisabeth Bøgh VigreBerit RJennyMartinKjell F TislevollBjørg L.siljehusmorMorten JensenPiippokattaSigrid Blytt TøsdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEgil StangelandVigdis VoldBjørg RistvedtHilde H HelsethLene AndresenLailaTanteMamieGro Anita MyrvangTine Sundal