For to år sidan skreiv eg dette om boka, på Forfatterbloggen.no:

Derimot har eg tenkt å nytta dei næraste vekene på å studera Søren Kierkegaard. Det kan neppe kallast unyttig. På veg heim frå Oslo sundag kveld fann eg ein gedigen murstein av ei bok om Kierkegaard- SAK. Boka var altfor diger til å putta i lomma eller pc-veska, dessutan syntest eg det ville sjå passe idiotisk ut å sitja med ei slikt verk i ventehallen. Neppe det ein kunne kalla ein flyplass- roman. Det er ok å vera pretensiøs, men det er ikkje alle stader ein bør vera det. Anyway, no har eg bestilt boka på nettet.

--

Sidan den gongen har boka vorte ein følgjesven, både som ein nærstudie av Søren Kierkegaard som menneske, men vel så mykje som ein inngongsport til tenkjinga hans. I tillegg får lesaren med seg svært mykje om dansk (og europeisk) samfunnsliv på 1800-talet.

Ein fantastisk bragd av forfattar Joakim Garff.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffJulie StensethStig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit Håverstad