Olavs draumar og Andvake som er første delen i denne beretninga, er som eitt langt dikt. Eit langt og uunngåeleg tragisk dikt, men ein håpar i det lengste at det kanskje skal gå bra for det unge og litt naive paret som held så av kvarandre og nettopp har blitt foreldre men som ikkje har nokon stad å gjere av seg. Kva kan skje i rein desperasjon?! Fosse skriv med gjentakande ord og setningar som han byggjer om til å bli nye ord og som dreg oss vidare eller bakover... Det er så vanskeleg å omtale Fosse sine bøker, dei må opplevast!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Helt enig. Ingen skriver som Fosse. Det nydelige språket gjør at selv det dystre og mørke blir vakkert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, så enig i det du sier. Boka er så forferdelig trist, men med et utrolig vakkert spårk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Interessant å lese observasjonane dine.

Eg tok til med denne boka for to dagar sidan, har lese Andvake.

Fosse er ikkje lettast, og noko av nøkkelen til å forstå skrifta hans fann eg i ein omtale av Det er Ales. Boka vart omtalt til å vere lik ein lang tanke, ei kjensle, og då skjønte eg meir ved å reflektere over dette.

Stilen er arkaisk, og svært estetisk, tykkjer eg. Er om kjensler, og noko anna.

Han prøver å skrive fram ein engel går gjennom romet, har Fosse sagt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fosse kan det med å bruke teknikkar for å framheve, ein detalj som fråværet av punktum f.eks. eller gjentakingane som lagar ein rytme, og som forsterkar teksten som lyrisk eller til ein lang tanke som du seier. Eg har ikkje så god greie på litteraturvitskap og -omgrep som deg, men "arkaisk" er sikkert ein god karakterestikk. Og samsvarar med tida han har lagt handlingane til i fleire av tekstane sine, altså tider som har vore. Utan at språket hans blir heilt gamaldags for det. Og den engelen har eg merka når eg les Fosse, ja, ein spesiell stemning.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Også det nydelige omslaget!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tror det var litt symbolikk i den arm-ringen jeg. Nå har jeg endelig lest oppfølgeren til den uforglemmelige Andvake, men blir denne like uforglemmelig?
Jeg har gjort meg noen tanker om det i bloggen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, skal tru om det finst eit slikt armband!?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

IreneleserEli HagelundReadninggirl30Kirsten LundEvaBeathe SolbergTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPiippokattaRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger MartinsengretemorAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågHeddaMSt. YngheadMorten MüllerVidar KruminsToveRisRosOgKlagingAnn-ElinMorten BolstadEivind  VaksvikHilde Merete GjessingSynnøve H Hoel