Boka gir tips om kva ein kan gjera for å redusera kor store CO2-utslepp ein er ansvarleg for. I tilleg nemner ho ein del ting som gir auka utslepp.

Mange av råda er gode og ein del er lette å gjennomføra. Det er likevel varierande kvalitet og fokuset er einsidig på CO2/klimagassar. "Fasit for en grønn livsstil" burde og medverka til å løysa andre miljøproblem, til dømes med støy, forsøpling og lokal luftkvalitet.

Eit av råda er direkte negativt for luftkvaliteten i byar. Dieselmotorar gir mindre CO2-utslepp enn tilsvarande bensinmotorar, men er lite eigna i byar og større tettstadar fordi dei er ei viktig kjelde til helseskadeleg NO2-ureining.

Eg stussar og på enkelte av råda. Det verkar som om boka er delvis tilpassa norske forhold, men rådet om å auka innetemperaturen er vel ikkje særleg aktuelt her. Iallfall ikkje utanom nokre veker om sommaren.

Til slutt reagerer eg og negativt på feilomsetjing. All bomull og all mat er organisk, uansett om han er økologisk eller ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

En bok om miljø der oversetteren ikke klarer å oversette "organic" til økologisk mister all kredibilitet. Denne skal jeg holde meg langt unna.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryKirsten LundHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig T