Ei fin bok om Marius og forholdet til faren, ismannen, som stadig prøver å setje nye rekordar i isbading, og til mora som har hatt kreft. Marius er flink i skulefag, kan meir enn sine jamngamle, men unngår ikkje å bli erta for dei spesielle aktivitetane til faren.

Forholdet mellom foreldra blir sett på prøve pga faren sin mani for isbad og mangel på fornuft og økonomisk sans, og det er ikkje heilt ufarleg heller, han får anfall etter isbadinga, men som kona ikkje får vite om. Marius prøver å blidgjere og støtte faren, men vil samstundes vere grei mot mor særleg etter sjukdomen. Og det ligg ei truande sky over historia, ei sky av angst, sjukdom og død, men utan at dette blir ei tragisk bok. Ho er faktisk til tider humoristisk og oppløftande!

Marius opplever mange sterke ting som 12 åring, kanskje manglar det litt på å kome heilt i djupna på sinnet til Marius, men den ironiske distansen han har til det som skjer rundt han, gjer at historia blir underhaldane og kjekk å lese!

Dette er ei spesiell bok om eit naturstridig fenomen som eg ikkje veit heilt om er sant eller ikkje, kan eit menneske ligge i eit bad av isklumpar i over ein time?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Yvonne JohannesenHanne Cathrine AasGodemineEivind  VaksvikG LSigrid Blytt TøsdalHildeBjørn SturødKirsten LundTanteMamieVidar RingstrømNora FjelliTore HalsaSynnøve H HoelKristin_Beathe SolbergLene NordahlJulie StensethLars MæhlumEvaV. HulbackStig THegeMorten JensenBjørg Marit TinholtjunieSissel ElisabethLilleviTine SundalmgeSigrid NygaardKjell F TislevollBjørg L.MarenLailaPiippokattaTurid KjendlieSverre HoemTove Obrestad Wøienmarvikkis