Og II.69 handlar, og det held eg nesten med Cervantes i, «[d]el más raro», den aller merkelegaste hendinga av alle i forteljinga vår. Hendinga har med Altisidora å gjere, og da kan ein sjølv tenkje seg at her kan alt skje.

I borga er ein katafalk og digre lys, og ei vakker jomfru ligg på katafalken. Det er Altisidora. Våre venner dQ og SP kjem inn som fangar. Presten, står det, tek av SP «la caperuza», som her nok er ei spisslue, men som òg kan vere ei vanleg hette av det slaget Raudhette hadde, og den flittige kommentatoren vår seier at dette er fyrste gongen at denne lua blir nemnd. Ikkje akkurat eit gjennombrot for forskinga, men interessant.

Ein mann vestido a lo romano, «kledd på romersk vis», syng ein song. Her nemner han el cantor de Tracia, altså Orfeus, og Rhadamanthys og Minos, som LAM seier var jueces mitológicos de los infernos, mytolgiske dommarar i helveta. Eg visste ikkje at det var fleire helvete, men det var – eller tenk: er! – det nok, for Lite (i staden for den rette forma Dite (hos W: Pluton) var konge i helveta, eller skal vi héller seie underverdene, kanskje. I alle høve kan desse linjene sikte til “Écloga III” av Garcilaso, som LAM seier vil bli nemnd i neste kapittel. Mannen krev at SP skal bli straffa.

Vi høyrer, hos W, om den hovmodige Nimrod, som hos Cervantes heiter Nembrot. LAM viser til 1 Mos 10, 8–9, der Nimrod ganske riktig er nemnd.

SP blir sint når det kjem oldfruer, det får da vere grenser. Han får ein ørefik av alle. Så skjer det at Altisidora flyttar på seg, og folk ser at ho er i live. SP får skjorter av henne, og så er dei merkelege hendingane over. Nå har vi att eitt kapittel i den nest siste bolken.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Da var det siste kapitlet – II.70 – i nest siste bolken: Det behandlar saker som ein ikkje kan oversjå for å skjønne handlinga i romanen. Sentralt, med andre ord. For her får vi vite kva som låg bak dei merkelege hendingane i II.69: Vi kunne vel ha tenkt at Samson Carrasco var med på dette, ja – like mykje som eg skulle ha likt å vere vitne til at Altisidora kjem inn på rommet til dQ.

Eg får vel nemne at LAM fortel at verselinja

¡Oh más duro que mármol a mis quejas
Å, du som er hardare enn marmor overfor klagene mine

er henta frå Garcilasos fyrste Egloga (linje 57).

Eg lurte sist på om det finst fleire helvete fordi fleirtalsforma infiernos var brukt, men her står det «¿Qué hay en el infierno?», altså eintal. Godt. Altisidora fortel at djevlane brukte bøker – «libros, al parecer, llenos de viento y de borra» - tilsynelatande fulle av vind og tomme ord – i staden for ballar og hadde brennande balltre, «palas de fuego», i hendene.

Vi kjem att til den falske utgåva av historia om dQ som vi har vore ute for før; utgåva er forfatta av Aragonar som seier at han er frå Tordesillas

Når hertugen seier «For den som kommer med fornærmelser / er rask til å tilgi» («Porque aquel que dice injurias, / cerca está de perdonar»), er dette visstnok henta frå ei ordtakssamling.

Så står siste bolk for tur.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

GunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilKirsten LundYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  Jensen