Eg vender alltid attende til Jane Eyre av Charlotte Brontë når eg treng å få att trua på menneska og kjærleiken. Eg treng ikkje ein gong lesa heile omatt, berre delar kan få meg i rette humøret - om det er å styrka mine eigne standpunkt, eller finna att romantikaren i meg. Elles er dikta til Olav H. Hauge noko eg plukkar fram att med (u)jamne mellomrom. Samlingane hans er fine å bla i når ein treng nokre finurlege ord eller inspirasjon til sine eigne skribleri. Og ein forfattar eg les absolutt alt av etterkvart som det kjem ut, og må lesa om att ved dei same høva, er Jasper Fforde. Han skriv svært humoristisk, lettfatteleg og spanande, i ein sjanger som er umogleg å definera. Ei blanding mellom fantasy, science fiction og metafiksjon er kanskje den rettaste nemninga.
Viser 2 svar.
Nydelig sagt! Men Jasper Fforde er heilt ukjent for meg!
Eg oppdaga han fordi den fyrste boka hans heiter noko so kjent som "The Eyre Affair", og handlar om korleis litteraturdetektiven Thursday Next må redda Jane Eyre frå å bli kidnappa av den vonde Acheron Hades. Og omlag like absurd, og velkjent, er resten av bøkene hans òg. Tilrådd for alle som ikkje tek litteratur so alt for alvorleg!