Det er ei flott bok, men for meg blir det litt slitsomt å lese denne frå perm til perm. Det er ei bok full av småtekster frå forfattarar som har fått ned på papir det som foregjekk i kroppen 22.juli og dagane etter. Det er noveller, dikt, dagbok og andre formar for sjangarar som dei ulike forfattarane har kjent seg komfortable med. Og det er flotte tekster. Det blir berre for mykje for meg. For mange mørke tankar, for mykje død og sorg. Å lese eit par tekstar innimellom er fint. Å lese alle i strekk er ikkje fint.