Så har eg lytta meg gjennom Snorre 1, 2 og 3, - ca 30 timar. Her får vi soga om norske kongar fram til den siste kongen av Hårfagreætta på 1100-talet. Ei "nøktern" skildring av maktkampar og krigar. Det var ikkje enkelt når kongane hadde søner med fleire kvinner, og alle desse sønene hadde arverett. Dette førte nødvendigvis til mykje ufred,brutalitet og vald. Ikkje akkurat lysteleg lesing, men det var interessant å følgje Snorre si skildring av dei ulike kongane og dei politiske tilhøva.
Eg har lese ein god del historiske romanar, så eg kunne ein del noregssoge frå før. Nå har eg lært ein del meir, men her er så mange detaljar at det er mykje eg ikkje greier å hugse.
Litt artig å sjå at mange personar har eit karakteristisk tilnavn til førenavnet sitt. Tilnavna til kongane kjenner vi til, men ein finn mange andre òg. Ein prest har Langtale som tilnavn, ein skald Skvaldre. Elles finn ein Stuttfell, Sprakalegg, Istervom, Hardmage, Sneis (=pinne) osv...
Eg har i mange år hatt som mål å komme gjennom heile Heimskringla. Nå er eg godt fornøgd med at eg har gjennomført det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten MüllerMartin